![]() |
|||||||||
Topptur
har vorte synonymt med skiopplevelsar i god snø på
flotte toppar. Vi inviterar
til Jostedalendenne helga for ei helg med ski og toppturar, god mat
og kjekke vinterkveldar. Her vil ein kunne treffe likesinna skifolk som
er ute på eit lite eventyr ved den store breen.
Vi set opp turar
etter føre og tilhøve, og satsar på
å finne den verkeleg gode
snøen. Alternativa er mange, og
nedkøyringane ennå fleire. Alternativa for turar vert lagd fram kvelden før, så finn vi ut kva type tur vi vil ut på. Vangsen er eit opplagd mål, men andre fjell som er mindre kjende er vel så fine! Det vert topptur både fredag, laurdag og søndag, men ein kan evt. velje vekk fredagen. Vi anbefalar utstyr som er egna for nedkøyring, vere seg telemark, randonne eller snowboard og truger. Vel møtt til toppturhelg i Jostedalen, meir info til høgre på sida.
|
|||||||||
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal 2000 Eidsbugarden Hytte til hytte Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|||||||||
|