![]() |
|||||||||
Vinden og
snøen byggjer i
saman lag på lag snø av
ulik kvalitet og styrke. Den største faren i vinterfjellet
er
snøskred, og statistikken syner at sjansen er liten om ein
fyrst
vert begreven. Kvar går skredene? I kva type snø
og
vær går skredene? Dette er
spørsmål me vil
prøve å få svar på i
løpet av desse
dagane. I tillegg vil me øve på kva me skal gjere
om ein
sjølv eller ein kamerat fyrst vert begreven av
snø. Me
avsluttar med ein tur for å trene dei momenta vi har
lært. Deltakarane skal gjennom kurset oppnå ei grunnleggjande forståing for snøskred, snøskredfare, vurdering av terreng og andre høve som påvirkar skredfara samt vegvalg i skredfarleg lende. Me gjev innføring i metodar for å undersøke snødekket og stabilitet. Etter kurset skal ein også meistre kameratredning ved snøskred. Me legg vekt på mykje tur og vegleiing på kurset. Jostedalskursa går over 3, eventuelt 5 dagar, mens skredkursa på Fondsbu går over ei helg, 2 dagar. Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste: - Lendevurderingar. - Snøkjennskap. - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtett ytterbekledning. Ski eller snøbrett og trug. Skifelder. Sende / mottakarutsyr om du har. Dagstursekk omlag 30-50 liter. Termos for dei som likar varm drikke i kulda. Overnatting: Sjå informasjon om hotellet på: www.jostedalhotel.no Me vil for vinteren 2006
presentere eit
nytt snøskredkurs.
Namnet antyder at det vil leggje meir vekt på ferdsel i bratt
lende. Alpinsnøskredkurs vil gå over 5 dagar og
innehalde
moment som snøbakketeknikk, skiteknikk i brattare lende og
mykje
øving på bruk av kameratredning. Me vil
øve
på taktisk køyring i heng med omsyn til disiplin
og
korleis belaste snødekke mindra. Både randonnee,
telemarkski med plastsko kan nyttast. Også klassiske spørsmål som; Kvar går skredene? I kva type snø og vær går skredene? Korleis legge sporet for å unngå skred? Dette er spørsmål me vil prøve å få svar på i løpet av desse dagane. Mykje av læringa er lagt opp til gjennom tur og erfaringsutveksling frå deltakarane. Me vil også nytte ein dag ved Sogn Skisenter for å få fleire høgdemeter med vurderingar med tanke på sporval nedover og skiteknikk. Deltakarane skal gjennom kurset oppnå ei grunnleggjande forståing for snøskred, snøskredfare, vurdering av terreng og andre høve som påvirkar skredfara samt vegvalg i skredfarleg lende. Me gjev innføring i metodar for å undersøke snødekket og stabilitet. Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste:
- Lendevurderingar. - Snøkjennskap. - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtett ytterbekledning. Ski eller snøbrett og trug. Skifelder. Sende / mottakarutsyr om du har. Dagstursekk omlag 30-50 liter. Termos for dei som likar varm drikke i kulda. Overnatting: Sjå informasjon om hotellet på: www.jostedalhotel.no |
|||||||||
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal Skitur Eidsbugarden Skitur Austerrike Isgrotter Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto Blogg FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|||||||||
|