![]() |
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
![]() Skredkurs til vinteren? Snøen byggjer i saman lag på lag snø av ulik kvalitet og styrke. Den største faren i vinterfjellet er snøskred, og statistikken syner at sjansen er liten om ein fyrst vert begreven. Kvar går snøskred? I kva type snø og vær går skredene? Dette er spørsmål me vil få svar på i løpet av desse dagane. I tillegg vil me øve på kva vi skal gjere om ein sjølv eller ein kamerat fyrst vert begreven av snø. Vi vel dei beste områda for å få finast mogeleg turar kvar dag, med skikøyring og kurs i hovudsetet. Denne vinteren køyrer vi heisbaserte skredkurs på Heggmyrane, Sogn Skisenter og Filefjell skisenter, og turbaserte kurs i Jostedalen. Om du er interessert i eit heimekurs, ta kontakt. Deltakarane skal gjennom kurset oppnå ei grunnleggjande forståing for snødekket, vurdering av terreng og andre høve som påvirkar skredfara og viktigast av alt; vegvalg i vinterfjellet. Me gjev innføring i metodar for å undersøke snødekket og stabilitet. Etter kurset skal ein også meistre kameratredning ved snøskred. Me legg vekt på mykje tur og vegleiing på kurset. Jostedalskursa går over 3, eventuelt 5 dagar, mens skredkursa på Filefjell og Heggmyrane går over ei helg, 2 dagar. Er du interessert i eit eige opplegg, kanskje i dine heimfjell, ta kontakt. Sjå boksen til høgre for datoar og anna relevant informasjon.
Vi har som regel oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Andre emne ser du under. Momentliste:
- Terrengvurderingar. -Alarmtegn - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr:
Varme kler til vintersbruk, inkludert eigna undertøy og regn og vindtett ytterbekledning. Ski og skifeller eller snøbrett og truger. Dagstursekk omlag 30-50 liter. Termos for dei som likar varm drikke i kulda. Alpin skredkurs Også klassiske spørsmål kjem opp, som; Kvar går skredene? I kva type snø og vær går skredene? Korleis legge sporet for å unngå skred? Dette er spørsmål me vil prøve å få svar på i løpet av desse dagane. Mykje av læringa er lagt opp til gjennom tur og erfaringsutveksling frå deltakarane. Me vil også nytte ein dag ved Sogn Skisenter for å få fleire høgdemeter med vurderingar med tanke på sporval nedover og skiteknikk. Deltakarane skal gjennom kurset oppnå ei grunnleggjande forståing for snøskred, snøskredfare, vurdering av terreng og andre høve som påvirkar skredfara samt vegvalg i skredfarleg lende. Me gjev innføring i metodar for å undersøke snødekket og stabilitet.
Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste: -Bruk av stegjarn og isøks -Skiteknikk i bratt lende - Lendevurderingar. - Snøkjennskap. -Alarmtegn - Vær og vind. - Orientering. - Kameratredning. - Sende / mottakarutstyr. - Fyrstehjelp i fjellet. - Turplanlegging. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtett ytterbekledning. Ski eller snøbrett og trug. Skifelder. Sende / mottakarutsyr om du har. Dagstursekk omlag 30-50 liter. Termos for dei som likar varm drikke i kulda. |
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal Skitur Eidsbugarden Skitur Austerrike Isgrotter Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto Blogg FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|