Skredkurs i Jostedal
Kven har ikkje høyrt om vinteren så lang og kald at sjølv oss jostedøler tykte det vart i meste laget? I Norrøn mytologi fylgde Ragnarokk etter 3 vintrar utan sumar mellom... Fimbulvinter!!!



Fimbul Jostedal består av 3 fjellførarar med til saman 45 års fartstid med fjellføring. I 2004 stifta me Fimbul Jostedal som tek med folk på kurs og føring i fjell-Noreg. Med base i Jostedalen plassert mellom Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen tilbyr me gode forhold for vinteraktivitetar. Alle førarane har utdanning frå Norske Tindevegledere og/eller Norsk Fjellsportforum. Vinteren 2007 vil me arrangere fleire ulike type turar. For dei som ikkje føler seg trygge på ski arrangerer me trugeturar. Har du prøvd snøbrett før, ventar nye opplevingar på toppturar i urørt natur. Lokalkjente vegleiarar veit å finne den gode snøen og dei lange nedkøyringane.

Utvikling av nytt utstyr for isklatring har auka interessa og stadig fleire tek del i moroa. Vinteren 2007 vil me arrangerer isklatrekurs og føringsturar i Jostedal.


Jostedalen.
Rett syd for Jostedalsbreen skjer Jostedalen seg inn i landet frå Sognefjorden. Med mange brearmar og høge fjell er dalen eit eldorado for friluftsliv, og eit av dei største fjellførarmiljøa i Noreg finn me her. Vinterstid vert me velsigna med mykje snø, det er årsaken til at dei store breeane trivst her. 2-3 meter snø på flatmark er ikkje uvanleg og fossane frys allereie i november.