![]() |
|||||||||
Den
mest snøsikre staden i Noreg for toppturentusiastar, er
Jostedalen. Her i dalen vil me vise deg noko av dei grommaste
nedkøyringane me har her til lands. Store ord meinar kanskje
du, men gje oss nokre dagar, eller aller helst ei veke, så
skal du få sjå og oppleve. Stabile
værforhold, mykjesnø,god lokalkjennskap og mange
forskjellige toppturar er kva me kan tilby. Med overnatting enten
på Jostedal Hotell eller ved Jostedal Camping i nye gode
vinterhytter, har ein fjelltoppane liggande rundt seg. Avhengig av
vær og vind vel me dei turane som gir oss den beste
turopplevinga, både opp og ikkje minst ned. Her kan både
dei som held telemarsktradisjon i hevd, eller dei som svergar til
alpint turutstyr utfolde seg i urørd snø. Ja og for
å ikkje gløyme dei med trug og snøbrett!
Svært få av turane krev noko anmarsj før motbakkane
byrjar. Skifeld er absolutt nødvendigt i dette lende!Toppturhelg I år samlast toppturentusiastar i Jostedalen for lange oppturar og flotte nedturar. Meir info kjem seinare. - Buskrednosi, enormt god plass for dei største svingane - Bjønnstegfjellet,med innsikt over Josten - Hemmelege turar.. |
|||||||||
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal 2000 Eidsbugarden Hytte til hytte Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|||||||||
|