![]() |
||||||||||||||||||||||||
Isklatrekurs i Jostedalen gjev variasjon i høve til ulike fossar og bekkar, i tillegg er det mogeleg å nytte breen om tilhøva skulle slå feil. Nytt og betre utstyr har auka interessa og stadig fleire tek del i moroa. Me arrangerar både 5 dagars og 2 dagars isklatrekurs. Med 5 dagar vil ein kunne få meir tid til trening på basisdugleik og verte meir komfortabel med is, slik at ein lettare kjem seg ut på tur etter kurset. Etter kursa er det muleg å utvide med 2 dagar kameratredning. I tillegg til isklatrekurs arrangerar me også føringsturar i Jostedal for dei som ikkje ynskjer eit heilt kurs, men har lyst prøve isklatring. For små grupper kan me arrangere topptauklatring på korte fossar. Her vil ein under kontrollerte høve kunne prøve seg på vertikalt vatn! Me kan også arrangere kurs andre stader i Norge, som Rjukan eller Hemsedal etter avtale. Oppmøte kvelden før med gjennomgang av program og introduksjon av vegleiarar og deltakarar. Momentliste:
- Stegjarnsteknikk. - Rørsleteknikk utan isøkser. - Teknikkar med ei og to isøkser. - Isbuldring. - Setjing av skruar. - Korleis lage toppfaufeste. - Sikre på topptau. - Sikre den som ledar. - Standplass rutiner. - Isvurderingar. - Fleire taulengder. Utstyr: Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn- og vindtett ytterbekledning. Kraftige fjellsko. Stegjarn, isøkser og isskruar kan leigast. Dagstursekk omlag 30-50 liter. Termos for dei som likar varm drikke i kulda.
|
||||||||||||||||||||||||
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal Skitur Eidsbugarden Skitur Austerrike Isgrotter Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto Blogg FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
||||||||||||||||||||||||
|