![]() |
|
![]() Drøymer du om å bestige ein 8000m topp?Klatre verdas vakraste fjell? Oppleve naturen og kulturen i små fjelllandsbyar i Nepal? Eller kanskje køyre på ski ned frå ein 7000m topp? Himalaya guides kan levandegjere desse draumane! For dei som ikkje er så veldig fjellvante anbefalar me å delta på ein trekkingtur fyrst. På desse turane vil ein komme tett innpå både kulturen på dei mange tehusa, og ein vil få kjenne litt på høgda. For dei litt meir erfarne, og som har kanskje prøvd vinterturar i Norge og Alpene er neste naturlege steg å forsøke ein 6000m topp. Eksempelvis Island Peak. Dei som har bevega seg litt på stegjarn og kanskje har bre eller klatrekurs vil Ama Dablam vere innan rekkevidde. Dette er ein tur med litt meir tekniske utfordringar, men med lokale guidar frå Himalaya Guides vere ein oppnåeleg tur. Leiaren i Himalaya Guides, Thsering Pande Bhote, som har vært på Mt. Everest fleire gonger samt jobba i Jostedalen 3 somrar, arrangerar også turar til fleire 8000m toppar. Dette er turar som krev eindel erfaring både frå høgde og vinterturar ellers. Tsering har lang erfaring med å arrangere turar i store høgder, og vil vere ein viktig faktor for å kunne oppfylle draumen! Toppar
og trekking
2009 :H5P Himalaya five peaks, fem toppar inkludert Island Peak. Opplev Khumbudalen og Everest Base Camp. Meir informasjon og booking gjennom websida til Himalaya Guides. Pris: 3000 US$ :: les her... Lhakpa Ri Vil du oppleve Tibet? Trekkingtur opp til Everest Base camp. I fotspora til Geroge Mallary som forsøkte bestige Mount Everest på 1920 tallet. Meir informasjon og booking gjennom websida til Himalaya Guides. Pris: 4500 US$ :: les her... Ama Dablam Av mange omtala som det flottaste fjellet i verda! Dette er ein tur som krev erfaring med bruk av tau, øks og stegjarn. Vil vere ein godt egna tur for dei som kanskje har bestege ein 4000m i Alpene, eller kanskje allereie har vært på trekking i Himalaya. Er også god trening om ein har høgre mål i livet... Pris: 4100 US$ :: les meir... 8000m ? ![]() Himalaya Guides har lang erfaring med å arrangere ekspedisjonar til 8000m toppar. Er vel knapt eit firma som får fleire på toppen enn dei! For å prøve seg på ein slik tur vert det anbefalt høgdeerfaring frå ein 6000m topp og mykje erfaring med telting i vinterfjellet. Med tilstrekkeleg grunnlag og med lokale guider med erfaring frå 8000m er det berre vær og sjukdom som kan stoppe deg. Les meir om dei ulike toppane ved å trykke på linkane under. Mount Everest 8844 moh. Cho Oyu 8201 moh. Shishapagma 8027 moh. |
|
|
Hovudside Skredkurs Isklatrekurs Topptur Jostedal Skitur Eidsbugarden Skitur Austerrike Isgrotter Himalaya Om F I M B U L Jostedal Lenker Foto Blogg FIMBUL Jostedal DA 6871 Jostedal Tlf: +47 99 45 09 21 post@fimbuljostedal.no |
|
Thsering
Pande Bhote har
klatra sidan 1996 og er kvalifisert IFMGA fjellførar
som
ein av dei fyrste frå Nepal. Han har jobba i Jostedalen dei
tre siste
somrane med klatre og breføring og har vore på
fleire av
Norges 2000m toppar! Er godt kjent med norske fjellfolk, og har guida
fleire av dei opp på Everest allereie. Har i tillegg til 6
turar
på Everest også fleire turar på Cho Oyu
og
Shishapagma. Thsering planlegg å lære seg
norsk
så kanskje vil kommunikasjonen foregå på
norsk i
Himalaya neste haust?
|