Toppturar på 2000m toppar rundt Eidsbugarden

Eidsbugarden og Fondsbu er eit av dei beste utgangspunktet for å nå dei høge toppane i midt-Jotunheimen, og denne vinteren er det mogeleg å få med seg heile fem 2000meterar.
Nivået på turane er varierande, frå Galdeberg som er ein grei tur i bra vær, med brattare skikøyring,  til den lengre og noko tekniske Slettmarkspiggen. Både på turen til Uranostind og mot Sagi krysser vi oppsprukne brefall, så tau og selar vert ofte med. På alle turane minus Galdeberg tek oftast med isøks og stegjarn i tilfelle hard snø og is.
Vi anbefalar Uranostind til dei som ikkje har så mykje bratt skierfaring, her slepp ein utfordrande skibakkar.
Det same gjeld for Sagi, medan Slettmarkpiggen krev meir skiferdigheit. Galdeberg og Storegut er turar som eignar seg godt for dei som er ute etter lange, flotte nedkøyringar. Sjå
www.fondsbu.no for info om reise og transport med beltebil. Bilete her.

Uranostind
Klassikaren framfor nokon på programmet vårt. Turen går til Kvitevatnet, på Urdanosbreen og den flotte, breie toppryggen til slutt. Her ventar ei utsikt frå ei anna verd, med Falketind midt imot. Med gode føreforhold har vi ei lang nedkøyring å sjå fram til.

8-11t

Sagi sagi, fondsbu, jotunheimen
Vi held også denne Påska fram med tur til Sagi, der vi går inn den flotte Mjølkedalen, opp heile Mjølkedalsbreen og deretter med isøks og stegjarn til topps på Sagi. Frå toppen ser kva som har gjeve fjellet namnet, ein sagtakka egg dreg seg vestover. Sagi er ein av dei mest utilgjengelege toppane i området på sommarstid, men på ski er det ein spesielt flott tur blant tindane rundt Mjølkedalsbreen.

8-11t

Slettmarkkampen og Slettmarkpiggen
Slettmarkpiggen er ikkje lett å nå vinterstid, vi går lettaste vegen over Slettmarkkampen som vi når frå stikkaløypa mellom Gjendebu og Fondsbu. Etter Kampen kjem eit vanskeleg punkt som vi er avhengige av gode forhold på for å komme forbi, det vil seie ikkje alt for hardt eller skredfarleg. Frå Piggen ser vi rett inn mot Torfinnstindane, og heile Vest-Jotunheimen åpenberrar seg den andre vegen.

9-12t

Galdeberg
Galdeberg ligg som ein mastod
galdebergont der på nordsida av Bygdin, med Torfinnstindane og Slettmarkmassivet til naboar. Desse bakkane innbyr til sugande svingar og høge hopp, heile 1000 høgdemeter med skileik venter det ein frå toppen.

6-8t


Minimum 3 deltakarar per tur.

Form og utstyr :
God form og skidugleik.
Solide ski med stålkantar, solide skisko.
Skifeller (med god lim!).
Gode vinterklede, ullundertøy, vindtett ytterst osv.


Både som alternativ til langtur ved dårleg ver og som eige opplegg tilbyr vi:


Skredkurs:

Ved Eidsbugarden er det mykje vær vinterstid, og vinden og snøen byggjer i saman lag på lag snø av ulik kvalitet og styrke. Den største faren i vinterfjellet er snøskred, og statistikken syner at sjansen er liten om ein fyrst vert begreven. Kvar går skredene? I kva type snø og vær går skredene? Dette er spørsmål vi vil 
prøve å få svar på i løpet av desse to-tre dagane. I tillegg vil vi øve på kva vi skal gjere om ein sjølv eller ein kamerat fyrst vert begreven av snø. Vi avsluttar med ein tur for å trene dei momenta vi har lært.

 Momentliste:

- Lendevurderingar.
- Snøkjennskap.
- Vær og vind.
- Orientering.
- Kameratredning.
- Sende / mottakarutstyr.
-
Uttesting av rutsjblokk på skredkurs Fyrstehjelp i fjellet.
- Turplanlegging.

Utstyr:

Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtett ytterbekledning.
Ski eller snøbrett og trug.
Skifelder.
Sende / mottakarutsyr om du har. 

Spade og eventuelt søkestang.
Dagstursekk omlag 30-50 liter.
Termos for dei som likar varm drikke i kulda.

Overnatting: P
å betjent hytte.



Vinterkurs:

Denne helga står i Kong Vinter sitt teikn, der vi nyttar gammal og ny kunnskap, moderne og velbrukt utstyr på tur og i læring. Dette kurset passar godt for deg som gjerne går frå hytte til hytte i godt vær på seinvinteren og Påska, men treng eit par ekstra ferdigheiter for midtvintersturen. I løpet av desse to-tre dagane er det meininga at ein skal kunne opparbeide seg basisferdigheiter for ferdsel i vinterfjellet. Frå laurdag til søndag overnattar vi ute i snøhole eller telt om nokon heller vil det. Når ein kjenner seg trygg vert turen mykje betre, og ein kan trivast sjølv i liten kuling...

 Me kjem innom:

Snøholegraving og overnatting
Vintertelting
Orientering
Vegval i høve til snøskred
Skismøring og feller
Utstyr- kva egnar seg best?

Utstyr:

Varme kler til vintersbruk, inkludert varmt undertøy og regn og vindtett ytterbekledning.
Egna ski for kupert terreng.
Skifelder.
Spade.
Termos for dei som likar varm drikke i kulda.

Overnatting: På betjent hytte.


Toppturar 2010

Be om tilbod for grupper på vinter og vår.

Toppturhelg

08. - 10 april 2010

Fredag-Sagi
Laurdag-Uranostind
Søndag-Galdeberg

Pris pr. tur: Kr. 850,-

Turane kan verte endra til beste alternativ etter ver og skredtilhøve.
Vi tilbyr skredkurs eller andre kurs om det ikkje er høgfjellstilhøve.



Skredkurs og vintrakurs på bestilling.